Fyresdal i omstilling

Målet er 40 nye arbeidsplasser i Fyresdal. Og vi er på god veg!

Kven kan omstillingsprojektet hjelpe med kva?

Som omstillingskommune får Fyresdal eit betydelig tilskott frå staten kvart år. Kommunen brukar óg midlar frå sitt eiga næringsfond. Midlane skal nyttast til å støtte både nye og etablera verksemder slik at dei kan utvikle seg og skape nye arbeidsplassar i Fyresdal.

Prosjektet gjev ikkje berre økonomisk støtte, men óg bistand til å skrive søknadar, få kontakt med investorar og skaffe kompetente rådgjevarar. Prosjektet arrangerar dessutan kurs og utviklingsprogram som skal bidra til å gjere dei lokale bedriftane meir utviklings- og omstillingsdyktige.

Prosjektet har allereie oppnådd gode resultat. Mange verksemder har fått, og får støtte som har bidratt til å gjere det enklare, både å komme i gang og utvikle seg vidare.

Her kan du lese meir om Omstilling Fyresdal:

Kriterier for tildeling av midler fra omstillingsprosjektet

NOKON OMSTILLINGSHISTORIER

MOLAND MEKANISKE

Moland Mekaniske AS er historia om bedrifta som ble lagt ned i samband med oljekrisa i 2015 – og vekka til live igjen av Fyresdal Kommune sjølv i 2018. I starten var det berre to tilsette. I dag er det syv, og den største utfordringa er å få tak i fleire!

NYLI GARDSMAT

Marte og Ole Kristian er i ferd med å gjere Nyli Gardsmat til ein stor suksess. Gjennom hardt arbeid og god forretningsteft har det dyktige ekteparet utvikla ei flott bedrift og kvalitetsprodukter som tiltrekk seg stadig fleire faste kunder frå store delar av Østlandsområdet.

TELEMARKLAM

På rekordtid har Bjørg og Kim Hopland klart noko dei færraste får til. Det fyrste året har dei nemleg ikkje berre solgt tre tonn med pinnekjøt. Dei har óg klart å gjere Telemarklam til ein av dei sterkaste merkevarene i pinnekjøtdisken til Meny-butikkane i Telemark!

Andre bedriftar som har vore med i omstillingsprogrammet:

Gamle tovsli

Via Ferrrata

Haflingerhoff

Arendal Kretsfengsel avd. Kleivgrend

Skræi AS

Nokon av våre
utviklingsprogram:

SMB Utviklings-program

Dette er eit utviklings-program som meir enn 15 bedriftar i Fyresdal allereie har vore gjennom. Programmet vert leia av erfarne og høgt kompetente fagfolk, og gjev deltakarane ei brei innføring i bedriftsleiing. Dei får til dømes verdifull kunnskap om økonomi, organisering og juss. Målet er å auke bedriftane sin evne til å omstille, utvikle seg og konkurrere.

Marknadsførings-pakke I

Marknadføringspakke fase I er ein kompakt, og lite ressurs-krevjande strategiprosess for nye så vel som etablera bedriftar. Målet er å gi bedriftane meir innsikt i, og kunnskap om korleis dei kan markandsføre bedrifta og kommunisere meir effektivt. Gjennom ein oppsummering får deltakarane konkrete tips og råd om kva dei kan gjere vidare.

Marknadsførings-pakke fase II

Bedriftane kan óg søkje om støtte til å gjennomføre eit eller fleire av dei tiltaka dei kjem fram til gjennom strategiprosessen i Marknadsføringspakke I. Styret i omstillingsprosjektet har vedteken at kvar enkelt bedrift kan støttast med inntil 75% av dei total utviklingskostnadene, og maksimalt kr 80.000,- eks. mva.

Aktuelt